tirsdag 8. mai 2012

Siste tur: Kanotur til Storøyna!


Torsdag 3. mai- fredag 4. mai var friluftsgruppa på allmenn på kanotur til Storøyna i Barsnesfjorden. Dette var den siste turen vår i år.
Me starta dagen med ein time språk før me reiste. Etter å ha funne fram lavvo, stormkjøken og presenningar, gjekk me samla ned til Helgheim. Ole Karsten var med oss. Då me kom ned til naustet sette me frå oss tinga våre før me sjøsette alle kanoane. Så padla me litt rundt på bukta inne i Sogndal i det nydelege vêret, medan Ole Karsten instruerte litt i padleteknikk. Frå før har eg padla ein god del kajakk, men aldri kano, så det var ei ny oppleving. Me padla ”bort til” Shell og tilbake før me tok lunsj ved nausta.




Etter lunsj blei me sittande ei stund å vente på Marte som skulle vere med oss inn på øya. Marte kom rundt klokka tre. Då sette me oss i kanoane att og lasta dei fulle med utstyr. Det var blikkstille på sjøen og faktisk sol, så det var veldig fint å padle. Me brukte rundt 3 kvarter på å padle inn til øya. Eg og Susanne padla ilag, me heldt oss heile tida i nærleiken til Øystein og Kristian. Me padla også nært til land på heile turen, i tilfelle velt.


Då me kom inn på øya byrja det sjølvsagt å regne! Typisk oss! Me fann oss ein fin plass å setje opp lavvoane på. På mi lavvogruppe var det ingen som hadde sett opp lavvo før, så no måtte eg fram med mine kunnskapar frå leirskulen på barneskulen. Eg tok leiinga og etter ei lita stund var lavvoen brukbar. Me fann oss plassar og pakka ut liggeunderlag og soveposar. Eg og Susanne fann også ein felles doplass som alle kunne bruke.  Sidan klokka no var godt over fem, fann me ut at det passa bra med middag.

Eg, Susanne og Kristian var på middagsgruppe i lag. Sidan me ALLTID har taco på tur, fann me ut at det kanskje var på tide å prøve noko nytt. Me lagde chicken tandoori med ris på stormkjøkkenet. Det smakte kjempegodt. Til dessert hadde me med oss jordbær og sjokolade. Me lagde vassbad i stormkjøkkenet og smelta sjokoladen, så dyppa me jordbæra i sjokoladen. Himmelsk! Etter ein god middag fann me ut at me skulle spele litt kort inne i lavvoen siden det regna ute.



Litt seinare tok eg og Susanne oss ein tur rundt på øya, nede ved stranda møtte me på Torgeir som kom ut ein kjapp tur på besøk til oss. Så sette me opp presenning og laga bål slik at me kunne sitte der i ly for regnet. Me leikte nokre ”ord”-leikar og køyrde på med to rundar med mafia. Så varma me oss litt på bålet før me gjekk inn i lavvoane og la oss i soveposane. I vår lavvo vart det litt kortspel og synging frå Øystein, så eg trur kanskje klokka var nærare tolv før me sovna.

Neste morgon vakna eg og Susanne rundt klokka åtte, så me sto berre opp og gjekk ut for å lage bål til dei andre vakna. Etter ei lita stund vakna også dei andre. Me åt frukost under presenningen. Sidan vêret var ein smule betre i dag, bestemte me oss for å leike litt. Me som hadde ansvaret for leikinga fekk med alle på ”spark på boks”. Me leikte den tre gongar, eg tykte det var kjempemorro og fekk flashbacks tilbake til uteskulen i 1.klasse.  Klokka halv 12 byrja me å pakke saman leiren og bevegde oss ned mot kajakkane.
I dag var det litt meir sjø, slik at det tok litt lenger tid å padle inn til Helgheim. Eg trur me brukte litt over ein time. Me la på plass kanoane og drog opp på skulen for å tørke lavvoar og vaske fellesutstyr, før me kunne dra heim klokka 14.


Det som gjekk bra var vell eigentleg heile turen, men det eg kan trekke fram som gjekk spesielt bra er middagen, bålplassen og leikane. Det var ein kjekk og sosial tur! Bekledninga var heller ikkje til å klage på. Eg hadde akkurat passeleg med klede, slik at eg var tørr og varm heile turen.
Det som gjekk mindre bra var eigentleg ingenting. Men på vegen inn burde me ha padla meir samla, den fremste kanoen var ikkje alltid så flink til å sjå bak seg. Eg tykte også me padla litt langt frå land på heimturen.

Måla for turen denne gangen var:
-       Planlegge, gjennomføre og vurdere turar knytta til lokal friluftslivstradisjon.
Storøyna er mykje brukt som overnattingplass og friluftsmål her i Sogndal. CHECK!

-       Planlegge, gjennomføre og vurdere tur med overnatting ute over flere dager i vannmiljø.
Storøyna er ei øy, og me er nøydde til å bruke båt for å komme oss ut dit. CHECK!

-       Behandle og vedlikeholde redskap og utstyr slik at det til enhver tid er i orden.
Sette opp lavvo, legge på plass kano, tørke lavvo og presenning, samt vaske stormkjøkken. CHECK!

-       Vurdere betydningen av hensiktsmessig bekledning for ulike typer friluftsliv.
Me hadde på oss klede som var vasstette og var rusta for alle typar vêr som svarar til sesongen. 
CHECK!

-       Gjøre rede for og praktisere de bestemmelsene som gjelder for friluftsliv og allmenn ferdsel i utmark.
Me tok kontakt med grunneigar før me tende opp bål og sa frå at me hadde tenkt til å vere på øya. CHECK!

-       Vise kjennskap til den naturen eleven ferdes i, og praktisere et friluftsliv der hensynet til naturen er overordnet.
Me bygde latrine og sørga for at området me hadde leir i såg forsvarleg ut då me reiste i frå det.  CHECK!

-       Forklare de mest alminnelige varsler naturen gir oss.
Me hadde ikkje lagt ut på kanotur om ikkje det hadde våre roleg på sjøen. CHECK!

-       HA DA KJEKT!
      Me leika og hadde det veldig koseleg på heile turen! CHECK!

Heile gruppa fungerte veldig godt i lag, dei fleste tok del i fellesoppgåver og var med på felles leikar og aktivitetar. Lavvogruppa fungerte også bra i lag. Eg, Susanne, Øystein og Kristian kunne kanskje vore litt meir samkøyrde når det gjaldt padlinga på tilbakevegen, av og til kom me litt langt i frå kvarandre, men etter ei stund gjekk det veldig bra.

Eg deltok så godt eg kunne i alle fellesoppgåver. Eg tok leiinga både i oppsetting og nedattaking av lavvoen og bar fellesutstyr. Eg og Susanne meldte oss til å finne/lage latrine. På fredagen lagde me også bål før dei andre sto opp. Leikegjengen gjorde også ein god jobb, trass litt dårleg ver og tid.
Det eg ville gjort anleis på neste tur var å samkøyre padlarane litt meir. I allefall på tilbakevegen då det var litt meir sjø.
Eg lærde  mellom anna å padle kano, noko eg aldri hadde gjort før. Eg fekk også ei oppfrisking i å lage bål, samt sette opp og pakke saman lavvo.


Det som er litt trist er at dette var den siste turen vår. Eg har hatt det veldig kjekt på alle turane me har våre på. Eg nyttar meg og seier tusen takk for eit knallkjekt år!
Kanskje kjem det fleire innlegg seinare på sommaren om private turar, vi får sjå! :D