tirsdag 8. mai 2012

Siste tur: Kanotur til Storøyna!


Torsdag 3. mai- fredag 4. mai var friluftsgruppa på allmenn på kanotur til Storøyna i Barsnesfjorden. Dette var den siste turen vår i år.
Me starta dagen med ein time språk før me reiste. Etter å ha funne fram lavvo, stormkjøken og presenningar, gjekk me samla ned til Helgheim. Ole Karsten var med oss. Då me kom ned til naustet sette me frå oss tinga våre før me sjøsette alle kanoane. Så padla me litt rundt på bukta inne i Sogndal i det nydelege vêret, medan Ole Karsten instruerte litt i padleteknikk. Frå før har eg padla ein god del kajakk, men aldri kano, så det var ei ny oppleving. Me padla ”bort til” Shell og tilbake før me tok lunsj ved nausta.




Etter lunsj blei me sittande ei stund å vente på Marte som skulle vere med oss inn på øya. Marte kom rundt klokka tre. Då sette me oss i kanoane att og lasta dei fulle med utstyr. Det var blikkstille på sjøen og faktisk sol, så det var veldig fint å padle. Me brukte rundt 3 kvarter på å padle inn til øya. Eg og Susanne padla ilag, me heldt oss heile tida i nærleiken til Øystein og Kristian. Me padla også nært til land på heile turen, i tilfelle velt.


Då me kom inn på øya byrja det sjølvsagt å regne! Typisk oss! Me fann oss ein fin plass å setje opp lavvoane på. På mi lavvogruppe var det ingen som hadde sett opp lavvo før, så no måtte eg fram med mine kunnskapar frå leirskulen på barneskulen. Eg tok leiinga og etter ei lita stund var lavvoen brukbar. Me fann oss plassar og pakka ut liggeunderlag og soveposar. Eg og Susanne fann også ein felles doplass som alle kunne bruke.  Sidan klokka no var godt over fem, fann me ut at det passa bra med middag.

Eg, Susanne og Kristian var på middagsgruppe i lag. Sidan me ALLTID har taco på tur, fann me ut at det kanskje var på tide å prøve noko nytt. Me lagde chicken tandoori med ris på stormkjøkkenet. Det smakte kjempegodt. Til dessert hadde me med oss jordbær og sjokolade. Me lagde vassbad i stormkjøkkenet og smelta sjokoladen, så dyppa me jordbæra i sjokoladen. Himmelsk! Etter ein god middag fann me ut at me skulle spele litt kort inne i lavvoen siden det regna ute.



Litt seinare tok eg og Susanne oss ein tur rundt på øya, nede ved stranda møtte me på Torgeir som kom ut ein kjapp tur på besøk til oss. Så sette me opp presenning og laga bål slik at me kunne sitte der i ly for regnet. Me leikte nokre ”ord”-leikar og køyrde på med to rundar med mafia. Så varma me oss litt på bålet før me gjekk inn i lavvoane og la oss i soveposane. I vår lavvo vart det litt kortspel og synging frå Øystein, så eg trur kanskje klokka var nærare tolv før me sovna.

Neste morgon vakna eg og Susanne rundt klokka åtte, så me sto berre opp og gjekk ut for å lage bål til dei andre vakna. Etter ei lita stund vakna også dei andre. Me åt frukost under presenningen. Sidan vêret var ein smule betre i dag, bestemte me oss for å leike litt. Me som hadde ansvaret for leikinga fekk med alle på ”spark på boks”. Me leikte den tre gongar, eg tykte det var kjempemorro og fekk flashbacks tilbake til uteskulen i 1.klasse.  Klokka halv 12 byrja me å pakke saman leiren og bevegde oss ned mot kajakkane.
I dag var det litt meir sjø, slik at det tok litt lenger tid å padle inn til Helgheim. Eg trur me brukte litt over ein time. Me la på plass kanoane og drog opp på skulen for å tørke lavvoar og vaske fellesutstyr, før me kunne dra heim klokka 14.


Det som gjekk bra var vell eigentleg heile turen, men det eg kan trekke fram som gjekk spesielt bra er middagen, bålplassen og leikane. Det var ein kjekk og sosial tur! Bekledninga var heller ikkje til å klage på. Eg hadde akkurat passeleg med klede, slik at eg var tørr og varm heile turen.
Det som gjekk mindre bra var eigentleg ingenting. Men på vegen inn burde me ha padla meir samla, den fremste kanoen var ikkje alltid så flink til å sjå bak seg. Eg tykte også me padla litt langt frå land på heimturen.

Måla for turen denne gangen var:
-       Planlegge, gjennomføre og vurdere turar knytta til lokal friluftslivstradisjon.
Storøyna er mykje brukt som overnattingplass og friluftsmål her i Sogndal. CHECK!

-       Planlegge, gjennomføre og vurdere tur med overnatting ute over flere dager i vannmiljø.
Storøyna er ei øy, og me er nøydde til å bruke båt for å komme oss ut dit. CHECK!

-       Behandle og vedlikeholde redskap og utstyr slik at det til enhver tid er i orden.
Sette opp lavvo, legge på plass kano, tørke lavvo og presenning, samt vaske stormkjøkken. CHECK!

-       Vurdere betydningen av hensiktsmessig bekledning for ulike typer friluftsliv.
Me hadde på oss klede som var vasstette og var rusta for alle typar vêr som svarar til sesongen. 
CHECK!

-       Gjøre rede for og praktisere de bestemmelsene som gjelder for friluftsliv og allmenn ferdsel i utmark.
Me tok kontakt med grunneigar før me tende opp bål og sa frå at me hadde tenkt til å vere på øya. CHECK!

-       Vise kjennskap til den naturen eleven ferdes i, og praktisere et friluftsliv der hensynet til naturen er overordnet.
Me bygde latrine og sørga for at området me hadde leir i såg forsvarleg ut då me reiste i frå det.  CHECK!

-       Forklare de mest alminnelige varsler naturen gir oss.
Me hadde ikkje lagt ut på kanotur om ikkje det hadde våre roleg på sjøen. CHECK!

-       HA DA KJEKT!
      Me leika og hadde det veldig koseleg på heile turen! CHECK!

Heile gruppa fungerte veldig godt i lag, dei fleste tok del i fellesoppgåver og var med på felles leikar og aktivitetar. Lavvogruppa fungerte også bra i lag. Eg, Susanne, Øystein og Kristian kunne kanskje vore litt meir samkøyrde når det gjaldt padlinga på tilbakevegen, av og til kom me litt langt i frå kvarandre, men etter ei stund gjekk det veldig bra.

Eg deltok så godt eg kunne i alle fellesoppgåver. Eg tok leiinga både i oppsetting og nedattaking av lavvoen og bar fellesutstyr. Eg og Susanne meldte oss til å finne/lage latrine. På fredagen lagde me også bål før dei andre sto opp. Leikegjengen gjorde også ein god jobb, trass litt dårleg ver og tid.
Det eg ville gjort anleis på neste tur var å samkøyre padlarane litt meir. I allefall på tilbakevegen då det var litt meir sjø.
Eg lærde  mellom anna å padle kano, noko eg aldri hadde gjort før. Eg fekk også ei oppfrisking i å lage bål, samt sette opp og pakke saman lavvo.


Det som er litt trist er at dette var den siste turen vår. Eg har hatt det veldig kjekt på alle turane me har våre på. Eg nyttar meg og seier tusen takk for eit knallkjekt år!
Kanskje kjem det fleire innlegg seinare på sommaren om private turar, vi får sjå! :D

torsdag 15. mars 2012

SNØHOLETUR!

Hei igjen!
Me gravde snøholene våre i umiddelbar nærheit til trekket 

Friluftslivsklassen har hatt sin siste skitur i år. Eller skitur og skitur, Fru Blom. Det kan vel heller kallast for snøholetur. Tirsdag 6. mars møtte gjengen opp ved friluftslivlageret klokka 8.00. Sjølv om 1/3 av gruppa meldte fråfall, klarde me barskingane som var att likevel å overleve ei natt i snøhole.
Etter litt pakking og utlevering av utstyr gjekk turen vidare mot Hodlekve i taxi. Me hadde i utgangspunktet blitt ”lovd” (merk hermeteikna) at me skulle ta trekket opp sidan poenget på denne turen ikkje var skigåing, men å lage snøhole. Så eg må nok innrømme at det var litt kjedelig å få beskjed av Torgeir og Lars Olav at me ikkje skulle ta noko trekk denne gongen. Men barskingane traska i veg dei, veit du. Me gjekk opp trekket og var oppe etter ca. litt over ein halv time.

Me bygde snøholene våre i ein snøskavl rett ved sida av toppen på trekket. Lars Olav og Torgeir viste alle gruppene til eit område på skavlen som me kunne lage snøhola vår i. Me sette tvert i gang med å grave. I byrjinga var det tungt fordi snøen var hard, men di lenger inn me kom, di betre gjekk det. Me grov to hol, ein inngang og eit ”hjelpehol” slik at det skulle bli lettare og gå raskar med gravinga. Då klokka nærma seg 12 tok alle saman ein felles lunsj. Den varte ikkje lenge fordi eg, Øystein og Kristian var så ivrige etter å få gjort ferdig snøhola. Me var opptatt av det estetiske og det romslige. Øystein meinte me skulle gå for ei klassisk, men moderne snøhole med reine linjer. Ideen om kjellarstove i botn av hola var god, men blei avfeia då me såg kor mykje arbeid det var. Rundt klokka 4 stod hola vår klar med sofakrok, kjøken og brisk til å sove på.
Me lagde oss taco til middag på kjøkenet, det gjorde godt for slitne snøholegravarar. 
Treng du fleire tips, sjekk ut dette : 
http://www.nrk.no/programmer/tv/newton/1.3134592


Syns du skal ha dette som profilbilde på FB, Torgeir!
Øystein og Kristian utanfor snøhola
Taco er ein standardmiddag på tur! Resten av kvelden tilbrakte me ute og inne i snøholene.  Det er verdt å nemne at snøhola vår var den som fekk mest skryt, eller den var mest ”pro” som Øystein ville ha sagt. Broren til Torgeir kom opp med stearinlys (som ingen hadde tenkt på) slik at det blei ganske så koseleg inne i holene. I vår snøhole gjekk det i rett-i-koppen, marshmallows, sjokolade, vitsing og tøysing. Rundt klokka halv ti rulla me ut soveposane våre og kraup oppi, men praten gjekk sjølvsagt vidare. Lars Olav og Torgeir avla eit lite besøk og Lars Olav avslutta med ein gonattsang.
Illustrasjonsfoto fra google 

Neste morgon vakna me rundt klokka 8. Eg og Kristian var først ut av posane og vakna til eit virrvarr av saker og ting. Øystein sine saker og ting. Me åt frukost og pakka sekken. Klokka ni  skulle alle vere klare. Me hadde to økter på dag to med teori om snøskred og snøskredfare. Veldig nyttig å vite. I økta før lunsj gravde me mellom anna ein snøprofil for å sjå kor stor snøskredfaren var. Det viste seg at faren var større enn først antatt. Etter lunsj fekk me prøve oss på å bruke søkeutstyr. Me gravde ned ein sekk og prøvde å søke etter sendaren som låg i sekken. Til slutt fekk dei som ville lov til å kjenne korleis det var å bli gravd ned i snøen.
Graving av snøprofil 
Rundt klokka 1 vende me nasen nedover att. Me sto ned trekket. Det gjekk kjempefint og eg datt ikkje ein einaste gong. Me tok bussen ned att til Sogndal i to-tida.
Øystein klar for avreise

Det eg vil trekke fram som gjekk spesielt bra på denne turen må jo vere sjølve snøhola. Den var stor og romsleg. Den sank heller ikkje spesielt mykje i løpet av natta. Elles gjekk jo middagen og snøskredopplegget veldig fint. Når det er sagt, gjekk jo i grunn heile turen ganske bra.

Det som gjekk mindre bra var vel kanskje at me ikkje hadde med oss stormkjøken (la oss ikkje nemne namn). Men alle kan jo ta feil J takk til dei som redda oss og tok med seg to stk! Elles var det litt kaldt på natta. Eg sov med ei fuktig bukse i posen og trur det var det som gjorde at eg fraus litt midt på natta. Men det gjekk greitt, eg har ikkje blitt sjuk enda så….

Måla me hadde plukka ut denne gongen var:
       planlegge, gjennomføre og vurdere turer knyttet til lokal friluftslivstradisjon
Vår tur gjekk til Hodlekve, eit tradisjonsrikt turområde for Sogndal og omegn. Check!
       planlegge, gjennomføre og vurdere tur med overnatting ute over flere dager i vinterfjellet
Me overnatta ute ei natt i snøhole. Check!
       behandle og vedlikeholde redskap og utstyr slik at det til enhver tid er i orden
Me brukte  og leverte tilbake utstyr som spade og stormkjøken. Check!
       vurdere betydningen av hensiktsmessig bekledning for ulike typer friluftsliv
Eg kledde meg godt, hadde med byteklede og heldt stort sett på varmen. Check!
       vise kjennskap til den naturen eleven ferdes i, og praktisere et friluftsliv der hensynet til naturen er overordnet
Me gjekk på do på ein plass og tok med oss bos og mat heim. Check!
       forklare de mest alminnelige varsler naturen gir oss
Me gravde snøprofil og lærde mykje om kva ein skal gjere dersom ein kjem ut for snøskred. Check!
       Ha det kjekt! :D
Det kan eg jo sei me hadde det. Alltid mykje vitsing og latter på tur. Check!

Eg syns gruppa fungerte veldig bra i lag. På denne turen blir det mest aktuelt å sjå på snøholegruppa fordi det var me som var mest i lag. Alle deltok i gravinga av snøhola, lagde middag og rydda opp dagen etterpå.

Eg deltok i alle fellesoppgaver. Eg gravde mykje på snøhola og lagde mat. Eg var med på opplegget med snøskred og gravde snøprofil. Det er også verdt å nemne at eg faktisk gravde ein felles do til alle jentene J

Eg trur ikkje eg ville ha gjort så veldig mykje anleis. Eg ville ha unngått å sove med dei våte kleda i soveposen. Det vart litt kaldt og ganske unødvendig når eg faktisk hadde med meg ekstra boblebukse.

Eg lærte masse på denne turen! Eg vil sei at dette er ein av dei mest lærerike turane eg har vore på. Eg lærde korleis eg skal grave ei snøhole slik at det blir varmast mogleg og eg lærde mykje om snøskred. Noko som eg sikkert kjem til å ta med meg vidare i livet. Det var ei spesiell oppleving å sove i snøhole og det er faktisk litt kult kunne sei til andre at eg faktisk har gjort det!
Mange takk for turen!
Må legge til at Øystein gløymde å lukke takboksen på veg opp Trolladalen.
Takk til Maja og Vegar for bilder :) 

søndag 12. februar 2012

Turmat- det er godt det!

På fredag skal gruppa på skitur. Planen er at dei også skal lage turmat i form av mellommåltid og tørka mat til å ha med seg på turen. Eg skal ikkje vere med på denne turen og tenkte difor at eg heller kunne lage eit lite innlegg om turmat. Eg har laga havregrynscookies og tørka frukt.

Havregrynscookiesane er knallgode og perfekte som mellommåltid på tur. Dei gir langvarig energi og mettheitsfølelse. Dei er enkle å lage og inneheld ikkje kvitt mjøl. Svært bra for meg som er ein fullkornselskar! Alstå cookies som er 100% fullkorn med havregryn og rugmel :D oppskrifta er henta i frå http://ernaerings.blogg.no/1286199247_nydelige_og_sunne_hav.html . Eg har valgt å "fylle" kjeksa med hakka mandlar og mørk kokesjokolade. Her er det berre fantasien som set grenser :D


Når ein skal på tur er det lurt å tørke mat. Då slepp ein å bere på unødvendig tyngde og det går fortare å lage mat dersom ingrediensane er tørka. Eg har tørka eple og kiwi. Det var i grunn meint som "topping" til havregraut eller musli på tur. Det går sjølvsagt an å tørke anna mat og frukt også. Epla og kiwiane tørka eg på 50 grader i 7 timar på varmluft. Hugs ein liten gløtt på døra slik at fukta kjem ut!



Planen er å ha med seg kjeksa og frukta på snøholeturen som me skal på seinare i vinter....om eg klarar å halde meg unna !

lørdag 14. januar 2012

Knall og fall!

Torsdag 12. januar opna 2ST/FRI skisesongen. Det vart også starten på skisesongen for min del. Eg hadde også fått nye fjellski til jul. Eg var fornøgd, trass i at dei kanskje ikkje var heilt dei rette skia til føret som var.
Ei ganske "enkel" rute 

Som vanleg møtte me på nye-skulen klokka 9.00 om morgonen. Etter utdeling av fellesutstyr køyrde me buss opp til Gunvordalen i Sogndalsdalen. Rundt klokka ti sette me kursen oppover mot Svartholten. Eg byrja å gå med halvfeller. Ifølge selgaren på sportsbutikken skulle desse vere ypparlege å gå med, der blei eg nok litt lurt. Skia var svært bakglatte og eg hadde problem med å gå oppover. Heldigvis for meg hadde Therese eit par ekstra langfeller med. TUSEN TAKK! Etter dette gjekk turen oppover veldig bra, sjølv om det var ganske bratt. For å vere ærleg likte eg faktisk turen oppover betre enn turen ned. Me gjekk sikk-sakk oppover fjellet. Dei store snille gutane med ”pro” ski brøytte heldigvis veg.
:*anne på veg oppover..Stødige ? 


Litt over 11.00 stoppa me for å ete lunch. Matpausen er alltid eit høgdepunkt på tur! Me stogga ca. ein halv time og tok oss god tid til å ete. Steinar (kompisen til Torgeir) gravde ei stor hole i snøen slik at me skulle sjå korleis snøen var inndelt i forskjellige lag. Grunnen var fordi snøskredfaren var ganske stor i området og me ville sjekke korleis det låg an. Difor tok me ei ”stikkprøve” av snøen ved hjelp av å ”løsne” eit lite område med snø på alle kantar. Då kan ein sjå kor fort snøen glir på laga. Nyttig å kunne!

Me forsette vidare oppover etter lunch. Vêret hadde så langt vore bra, men lenger oppe i fjellet var vinden sterkare og sikten dårlegare. Me snudde difor eit lite stykke frå Svartholten. Turen nedover var ganske vanskeleg på skia mine. Eg prøvde så godt eg kunne å stå oppreist, men det vart MANGE knall og fall nedover i lia. Etter kvart som eg kom nedover møtte eg på mange folk som var på veg oppover på ski. Eg må innrømme at det var litt flaut! For eg datt og datt heile tida. Tilslutt fann eg ut at eg berre skulle sigle rett ned på huk. OG DET FUNKA! :D Litt over to var eg kommen ned på parkeringsplassen, der bussen sto å venta. Litt forsinka, men, men! Den dagen hadde eg nok vore villig til å gi svææært masse for ei breiare ski!

Eg vil trekke fram at det som var bra på turen var utruleg nok turen opp. Det var ikkje tungt å gå og tempoet var heilt ok for min del. Det var også kjempebra at Therese hadde ekstra feller! :D Eg kledde meg bra på turen og var ikkje våt når eg kom heim att. Nok eit bevis på at det ikkje finst dårleg vêr, berre dårlege kler! Elles er det sosiale alltid veldig bra på tur, og det er ein veldig kjekk gjeng å vere på tur med!
Kos i matpausen<3<3

Det som gjekk mindre bra var sjølvsagt nedkøyringa. Det var masse laussnø med eit skarelag på toppen som gjorde at føret var spesielt dårleg. Men slikt går jo ikkje an å styre. (Så er eg kanskje litt dårleg på ski i nedoverbakke…hehe…ikkje rart langrenn er mi sterkaste side). Fellene mine var heller ikkje så gode som forventa. Neste gang skal eg bruke langfeller. Det har eg mykje betre erfaringar med.

Denne gongen sette me opp desse måla for turen:
  1. planlegge, gjennomføre og vurdere turer knyttet til lokal friluftslivstradisjon
  2. behandle og vedlikeholde redskap og utstyr slik at det til enhver tid er i orden
  3. vurdere betydningen av hensiktsmessig bekledning for ulike typer friluftsliv
  4. vise kjennskap til den naturen eleven ferdes i, og praktisere et friluftsliv der hensynet til naturen er overordnet
  5. forklare de mest alminnelige varsler naturen gir oss
  6. Ha da kjekt!

Mål nummer 1 er eit mål som me alltid når. Turmålet vårt ligg i Sogndalsdalen som blir brukt av alle i området rundt som utgangspunkt for turar. Parkeringsplassen i Gunvordalen er utgangspunktet for dei fleste turane i dalen.
Slik som mål nummer 2 seier er det viktig å ta vare på utstyret. Eg impregnerte skiskoa mine før eg drog. Det er også viktig at t.d. feller blir tørre før ein legg dei vekk. Då varer dei lenger.
Denne gangen var eg tørr og passleg kledd, då er mål nummer 3 nådd!
Mål nummer 4 og 5 handla mykje om snøskredfare og sikkerheit på denne turen. Me lærde korleis me kunne ta ein test av snøen for å sjekke faren. Me var også flinke til å overhalde beskjeder og liknande.
Eg hadde det i allefall kjekt på tur. Difor vil eg seie at mål nummer 6 også er nådd! Med andre ord, ein vellukka tur!

Gruppa fungerte ganske godt i lag, spesielt ein takk til gutane som brøytte veg! :D Men eg tykkjer kanskje at gruppa skulle vore litt meir samla på vegen opp. Nokre gonger vart me veldig spreidd. Men det kan me fikse på til neste gong!

På neste skitur skal eg ha med langfeller! Så håpar eg sjølvsagt at føret blir betre. Eg håpar også at det blir litt meir ”tur” i slakkare terreng. Kanskje ikkje så gøy for dei som er veldig flinke på ski, men litt betre tilrettelagt for oss ”påsketuristar”. Hehe!
Eg lærde vertfall at det er best å stole på eigne erfaringar når det gjeld bruk av feller. Me lærde også mykje om snøskred og fare. Elles vil eg takke for nok ein fin tur! :D
Xoxo 

fredag 2. desember 2011

Fjellvettregel 8: Vend i tide, det er ingen skam å snu

Fredag 25. november hadde me i 2ST-friluftsliv fagdag. Planen var å gå frå Fretland, over Nuken og bortom Ljotaholet på veg nedatt mot Åberge. Me køyrde minibuss opp til Fretland og heldt planen med avmarsj frå Fretheim 09.30. Her regna og småhagla det litt, men me satsa på at veret ville betre seg i løpet av dagen.
Me la i veg oppover grusvegen mot sela på Djupadal. Her stoppa me ei lita stund før me gjekk vidare og følgde dalen mot Kiggavatnet. Veret var ikkje med oss, og det vart stadig dårlegare. Det bles og snødde. Heldigvis var eg akkurat perfekt kledd. Ikkje for kald, for varm eller våt. Men det såg heller ikkje ut som veret klarde å ta knekken på gruppehumøret, som stort sett var på topp heile turen. Me kosa oss med snøballkrig, aking og høg julefeeling.

Frå Kiggavatnet forsette me innover med kurs mot Nuken og Halsavatnet. Me låg litt bak tidskjemaet grunna veret som stadig vart dårlegare. Ved lunsjtider var me enno ikkje nådd Nuken. Det bles kraftig og me måtte finne ly under ei fjellhylle. Me åt ein kjapp lunsj, fordi det var så kaldt å sitte i ro. Torgeir gjekk ein liten tur for å sjekke forholda lenger inne mot Nuken. Etter ein kjapp vurdering av tid og ver, bestemte me oss for å snu. Det var ikkje lenger forsvarleg å forsette innover.

Vegen nedover gjekk kjapt og fint, me stoppa til og med for å leike ”Sheriff”. Eg og Susanne prøvde å skli ned bakkane på ein plastpose med eit sitteunderlag inni. Det gjekk så som så. Då me nådde område med mobildekning ringte Torgeir etter minibussen slik at me blei henta på Fretheim. Like før klokka to nådde me Fretheim.
Julestemning! 

Det som var bra med turen var at eg var perfekt kledd. Kleda sette ingen avgrensing for turen. Då eg kom heim fanst eg verken våt eller kald. Denne gongen hadde me også liten sekk og lite oppakning, det gjorde at det blei ein lett fysisk utfordring. Sjølv om me måtte snu på grunn av veret hadde me det ganske kjekt i snøen. Me aka, sklei og kasta snøballar.

Det som gjekk mindre bra var jo at me måtte snu og ikkje kom oss til Nuken. Men sånn er det jo berre, nokre turar er vellukka, andre ikkje. Ver og vind kan ikkje styrast.


Måla for turen denne gang var:
·         Planlegge, gjennomføre og vurdere turer knyttet til lokal friluftslivstradisjon
·         Kle seg hensiktsmessig og lære utstyret å kjenne slik at dette ikkje vert nokon begrensing for turen.
·         Praktisere bestemmingar for friluftsliv og allmenn ferdsel i utmark og ta hensyn til naturen me ferdast i.         Ha da kjekt!


Dei tre siste måla tykkjer eg at eg nådde. Kleda var ingen begrensing for meg, eg tok hensyn til naturen og det var veldig kjekt på tur. Men turen vart jo ikkje gjennomført, så kanskje me kan diskutere i kva grad me nådde dette målet.
Leik i snøen 

Gruppa fungerte bra og me heldt oss samla heile tida. Eg føler det er ei samansveisa gruppe som er på tur. Det er kjekt! Denne gongen hadde me ikkje så mange felles oppgåver. Dei bestod berre av å lese kart. Det likar eg, difor går eg med kartet lett tilgjengeleg heile turen.

Det som kanskje burde ha vore gjort anleis var valet av turdag. Me burde ha venta til veret vart betre, men ein fagdag er ein fagdag og det er ikkje så lett å endre på J
Sjølv om turen ikkje vart gjennomført og me måtte snu, er det lærdom i det også! J berre sjå på Suverin Suveren, han snudde han også! :D

Tullingar!

                                                                                                            

torsdag 24. november 2011

ny tur!

Hei smårips!
I morgon skal me på tur igjen! Det er ei stund sia sist, så no gler me oss. Meg og Susanne tenkte at me skulle pre- turblogge litt om tur-outfit. Dei siste dagane har det regna mykje, og det er komme nysnø i fjellet. I morgon skal me difor ha på oss gamasjar slik at me ikkje får snø i skoen. Det er ikkje noko særleg.
Vergard ullsokk er pakka i sekken og ullundertøy  er funne fram.  Regnjakka er også ein plass verdig!
Me satsar på at det blir ein suuuuuperduuuuper tur i morgon :D

Her skulle eg eigentleg ha lagt ved eit outfit-bilete, men faktum er at eg faktisk sit i nattkjolen….og den er ikkje særleg god å bruke på tur.
Det finst ikkje dåleg vær, berre dårlege klede!  :D 

lørdag 24. september 2011

Hei og hopp! No har me vore på tur, igjen!

Denne gongen gjekk turen til Storevatnet på Kaupanger. Me  hadde også med oss friluftslivgruppa på vg2 idrett. Onsdag 21. september møtte me opp ved friluftslageret rundt klokka 9. Då eg kom oppdaga eg at resten av gruppa mi var sjuke. Eg oppdaga også at det ikkje berre var dei som ikkje kunne vere med denne gongen. Av ei gruppe på 15 elevar, møtte 8 opp for å gå på tur. Det betydde at me måtte lage nye grupper. Me fordelte fellesutstyr som denne gongen var presenning og tau, før me gjekk ned på skyssen for å ta bussen vidare til Kaupanger.
Matpause på Hauståker
Torgeir fordelte oss på allmenn på idrett sine grupper. Eg og Ingrid kom på gruppe med Helena, Øystein og Aslak på idrett. Me starta i frå Kaupangersenteret rundt kvart over ti. Me gjekk i ganske bra tempo oppover mot Hauståker. Det var bratt og me sveitta mykje, så me passa på å ta hyppige drikkepausar. 
Ved Hauståker tok me ein halvtimes matpause før me gjekk vidare oppover mot Vardeheii på 895 moh. Eg tykte det var tungt og bratt å gå i terrenget. Motivasjonen var heller ikkje den beste då me fekk vite at me hadde gått feil, og gått unødvendig bratt stigning, for så å måtte gå tilbake. Men då me endeleg kom på toppen var lettelsen stor og smerten gløymd! Eg kunne til og med sjå heilt heim til fjella i Fresvik! Det var nesten som eg fekk litt heimlengsel då eg kunne sjå Mulakamben og Nonhaugen. Dei resterande kilometrane inn mot Storevatnet var plankekøyring og gjekk fort.
Utsikt heimover mot Fresvik. 

Då me kom fram til Storevatnet leitte me etter ein plass å slå leir. Me sette opp gapahuken vår slik at me hadde utsikt rett mot vatnet, og i stikk motsett retning av dei andre. Etterpå måtte me sanke ved til bålbrenning og matlaging. Eg og Aslak blei sendt ut for å bygge latrine, det gjekk veldig bra! Men eg trur faktisk den forblei ubrukt. På turplanlegging hadde me planlagt at me skulle grille pølser, eg var eigentleg litt ueining fordi eg ville lage noko litt ”vansklegare” og meir kreativt. Men eg var veldig svolten då me skulle lage mat, så eg var eigentleg berre glad for at eg hadde med pølser. Det gjekk fort og var lettvint å lage. Men eg må innrømme at idrettsgjengen sin mat frista litt meir.
Ut på kvelden sat me rundt leirbålet og prata. Me drog vitsar og gåter til den store gullmedalje. Eg må innrømme at Torgeir sin spøkelseshistorie skremde meg! Så då me skulle leike omvendt gøymsel var eg ein smule redd, så eg ville ikkje vere med. Men det gjekk ikkje lenge før eg høyrde dei andre hadde det så gøy at eg berre måtte vere med! Etter kvart byrja eg å skjønne at Torgeir var god til å bløffe…
Natta i gapahuk gjekk greitt, sjølv om eg vakna ganske mange gonger. Eg hadde det ganske varmt og godt midt i mellom alle saman. Me sto opp rundt klokka 8, laga oss frukost og pakka ned leiren. Litt etter klokka 10 tok me farvel med idrettsgjengen som skulle gå vidare. Me sette igjen kursen mot Vardeheii. Her tok eg leiinga med kart og kompass. I staden for å gå mot Hauståker, gjekk me ned mot Hungerhaug. Torgeir stilte tvilsame spørsmål til stigvalet mitt, men eg var eigentleg ganske sikker på at me skulle gå etter dei raude merka. Det var heldigvis rett.
Spjelking av Øystein sin fot under førstehjelpsøkta
På Hungerhaug to me ein matpause og ei førstehjelpsøkt før me tok fatt på siste biten. Eg tykte denne biten var ganske tung. Stien gjekk rett ned og eg hadde ein tung sekk. På den siste delen var det som om eg ikkje hadde føter att. Det føltes nesten ut som eg flaug! Då me kom ned til busstoppet viste deg seg at me måtte gå heilt ned i Amla for å ta ein seinare buss. Men då var eg eigentleg så lei og trøytt i kroppen at eg ikkje brydde meg om at me måtte gå.
Heile turen gjekk eigentleg veldig bra. Men ting som eg vil trekke fram er natta i gapahuk. Eg tykte det var både varmare og tørrare enn sist gong me sov i telt, sjølv om det regna minst like mykje om natta. Det var også veldig koseleg og varmt me leirbål om kvelden. Denne gongen var eg også rimeleg tørr og varm, mykje takka vere dunjakka og tjukkare sovepose.
Det var eigentleg ikkje så mykje som skar seg heller. Eg tykte det var langt og tungt å gå, begge dagar. Men litt utfordingar må me jo ha!
Måla for turen var mange av dei same som sist gong, og dei føler eg me nådde ganske bra. Men me hadde også tre nye mål:
·         Lage mat på bål 
·         Overnatte i gapahuk
·         Lære førstehjelp i fjellet
Dei to sistnemnte gjekk veldig greitt og eg føler me har nådd ganske stor måloppnåing. Det første kan kanskje diskuterast litt meir, å grille pølser er jo ikkje så vanskeleg! Men pølser er jo mat det og, så. Så under tvil kan me seie at me også nådde det!
Frukost på g! 
Gruppa fungerte veldig bra saman. Gapahukgruppa var samkøyrde og me hadde det veldig kjekt! Det var også kjempemoro å vere på tur saman med idrett. Ein får ein god sjanse til å bli betre kjend. Eg tykkjer også me er veldig flinke til å vere EI gruppe, og ikkje mange små.
Eg deltok så godt eg kunne i vedsanking og oppsetting/nedpakking av gapahuk. Eg bar presenningen både opp og ned. Eg var også med på å lage latrine.
Det viktigaste eg lærde trur eg må vere å setje opp ein gapahuk! Det var veldig lærerikt og absolutt noko å ta med seg vidare. Eg lærde også litt frå idrett om forskjellige typar bål, samt også bygging av latrine. Det med førstehjelp var noko eg fekk repetert, men eg kunne det også godt frå før.
Me bloggast! :D