lørdag 24. september 2011

Hei og hopp! No har me vore på tur, igjen!

Denne gongen gjekk turen til Storevatnet på Kaupanger. Me  hadde også med oss friluftslivgruppa på vg2 idrett. Onsdag 21. september møtte me opp ved friluftslageret rundt klokka 9. Då eg kom oppdaga eg at resten av gruppa mi var sjuke. Eg oppdaga også at det ikkje berre var dei som ikkje kunne vere med denne gongen. Av ei gruppe på 15 elevar, møtte 8 opp for å gå på tur. Det betydde at me måtte lage nye grupper. Me fordelte fellesutstyr som denne gongen var presenning og tau, før me gjekk ned på skyssen for å ta bussen vidare til Kaupanger.
Matpause på Hauståker
Torgeir fordelte oss på allmenn på idrett sine grupper. Eg og Ingrid kom på gruppe med Helena, Øystein og Aslak på idrett. Me starta i frå Kaupangersenteret rundt kvart over ti. Me gjekk i ganske bra tempo oppover mot Hauståker. Det var bratt og me sveitta mykje, så me passa på å ta hyppige drikkepausar. 
Ved Hauståker tok me ein halvtimes matpause før me gjekk vidare oppover mot Vardeheii på 895 moh. Eg tykte det var tungt og bratt å gå i terrenget. Motivasjonen var heller ikkje den beste då me fekk vite at me hadde gått feil, og gått unødvendig bratt stigning, for så å måtte gå tilbake. Men då me endeleg kom på toppen var lettelsen stor og smerten gløymd! Eg kunne til og med sjå heilt heim til fjella i Fresvik! Det var nesten som eg fekk litt heimlengsel då eg kunne sjå Mulakamben og Nonhaugen. Dei resterande kilometrane inn mot Storevatnet var plankekøyring og gjekk fort.
Utsikt heimover mot Fresvik. 

Då me kom fram til Storevatnet leitte me etter ein plass å slå leir. Me sette opp gapahuken vår slik at me hadde utsikt rett mot vatnet, og i stikk motsett retning av dei andre. Etterpå måtte me sanke ved til bålbrenning og matlaging. Eg og Aslak blei sendt ut for å bygge latrine, det gjekk veldig bra! Men eg trur faktisk den forblei ubrukt. På turplanlegging hadde me planlagt at me skulle grille pølser, eg var eigentleg litt ueining fordi eg ville lage noko litt ”vansklegare” og meir kreativt. Men eg var veldig svolten då me skulle lage mat, så eg var eigentleg berre glad for at eg hadde med pølser. Det gjekk fort og var lettvint å lage. Men eg må innrømme at idrettsgjengen sin mat frista litt meir.
Ut på kvelden sat me rundt leirbålet og prata. Me drog vitsar og gåter til den store gullmedalje. Eg må innrømme at Torgeir sin spøkelseshistorie skremde meg! Så då me skulle leike omvendt gøymsel var eg ein smule redd, så eg ville ikkje vere med. Men det gjekk ikkje lenge før eg høyrde dei andre hadde det så gøy at eg berre måtte vere med! Etter kvart byrja eg å skjønne at Torgeir var god til å bløffe…
Natta i gapahuk gjekk greitt, sjølv om eg vakna ganske mange gonger. Eg hadde det ganske varmt og godt midt i mellom alle saman. Me sto opp rundt klokka 8, laga oss frukost og pakka ned leiren. Litt etter klokka 10 tok me farvel med idrettsgjengen som skulle gå vidare. Me sette igjen kursen mot Vardeheii. Her tok eg leiinga med kart og kompass. I staden for å gå mot Hauståker, gjekk me ned mot Hungerhaug. Torgeir stilte tvilsame spørsmål til stigvalet mitt, men eg var eigentleg ganske sikker på at me skulle gå etter dei raude merka. Det var heldigvis rett.
Spjelking av Øystein sin fot under førstehjelpsøkta
På Hungerhaug to me ein matpause og ei førstehjelpsøkt før me tok fatt på siste biten. Eg tykte denne biten var ganske tung. Stien gjekk rett ned og eg hadde ein tung sekk. På den siste delen var det som om eg ikkje hadde føter att. Det føltes nesten ut som eg flaug! Då me kom ned til busstoppet viste deg seg at me måtte gå heilt ned i Amla for å ta ein seinare buss. Men då var eg eigentleg så lei og trøytt i kroppen at eg ikkje brydde meg om at me måtte gå.
Heile turen gjekk eigentleg veldig bra. Men ting som eg vil trekke fram er natta i gapahuk. Eg tykte det var både varmare og tørrare enn sist gong me sov i telt, sjølv om det regna minst like mykje om natta. Det var også veldig koseleg og varmt me leirbål om kvelden. Denne gongen var eg også rimeleg tørr og varm, mykje takka vere dunjakka og tjukkare sovepose.
Det var eigentleg ikkje så mykje som skar seg heller. Eg tykte det var langt og tungt å gå, begge dagar. Men litt utfordingar må me jo ha!
Måla for turen var mange av dei same som sist gong, og dei føler eg me nådde ganske bra. Men me hadde også tre nye mål:
·         Lage mat på bål 
·         Overnatte i gapahuk
·         Lære førstehjelp i fjellet
Dei to sistnemnte gjekk veldig greitt og eg føler me har nådd ganske stor måloppnåing. Det første kan kanskje diskuterast litt meir, å grille pølser er jo ikkje så vanskeleg! Men pølser er jo mat det og, så. Så under tvil kan me seie at me også nådde det!
Frukost på g! 
Gruppa fungerte veldig bra saman. Gapahukgruppa var samkøyrde og me hadde det veldig kjekt! Det var også kjempemoro å vere på tur saman med idrett. Ein får ein god sjanse til å bli betre kjend. Eg tykkjer også me er veldig flinke til å vere EI gruppe, og ikkje mange små.
Eg deltok så godt eg kunne i vedsanking og oppsetting/nedpakking av gapahuk. Eg bar presenningen både opp og ned. Eg var også med på å lage latrine.
Det viktigaste eg lærde trur eg må vere å setje opp ein gapahuk! Det var veldig lærerikt og absolutt noko å ta med seg vidare. Eg lærde også litt frå idrett om forskjellige typar bål, samt også bygging av latrine. Det med førstehjelp var noko eg fekk repetert, men eg kunne det også godt frå før.
Me bloggast! :D  

1 kommentar:

  1. Lurt av deg å oppgradere sekkinnhaldet frå førre tur slik at du helt deg varm. Ikkje "tvilsame spørsmål", men "bevissgjerande spørsmål"..
    Fint innlegg:)

    SvarSlett