Onsdag 7. september og torsdag 8. september reiste friluftsliv 1 på studiespesialisering ved SVGS ut på tur. Det var planglagt at me skulle gå til Fjærlandssete, som er ein støl i Leikanger kommune. Her skulle me sove i telt, lage mat ute og fiske i Fjærlandssetevatnet.
![]() |
Sånn ca. reiseruta vår begge dagane. |
Me starta i frå Mannsverk i Øvstedalen ca. rundt klokka 10.00. Eg var på gruppe 1 saman med Dag, Therese og Regine. Me starta med å leie resten av gruppa inn på rett veg ved hjelp av kart og kompass. I byrjinga var vegen kjempebratt og det var tungt å gå me sekk. Samtidig byrja det å regne. Heldigvis utjamna terrenget seg etter ei stund. Då me kom til Furesete, tok me oss ein matpause. Det gjorde godt med ny energi.
Etter 4 timar på vandring kom me fram til Fjærlandssete. Det regna og bles ganske mykje, og bakken var svært våt. Me fann likevel ein ganske tørr plass til å slå opp telta. Me gjekk inn i telta og søkte ly for været med ein gang. Det var godt å få på seg tørre klede.
Etter ei stund med avslapping gjorde me oss klar for å fiske litt i fjellvatnet. Eg fiska saman med Therese, men lykka var diverre dårleg. Det blei ikkje noko fisk på oss denne dagen!
Då klokka gjekk mot 5, byrja dei fleste å bli svoltne. Gruppa mi laga hamburgarar på stormkjøkkenet. Sjølv om resten av kvelden var veldig våt og sur, var humøret i gruppa på topp. Torgeir sine gåter piffa opp stemninga. Rundt kl. 11 roa teltleiren seg.
Neste dag sto me opp rundt kl. 9. Denne dagen sto me opp til strålande sol, trass i onsdagen sitt regnvær. Me kledde på oss, pakka sekken og rydda ned telta så fort me kunne. I halv ellevetida forlèt me Fjærlandssete med kurs mot Fagreggjevatnet. Her stoppa me ei kort stund for å fiske, samt også matpause. Den einaste som fekk fisk var Torgeir. Han synte oss også kjapt korleis me skal sløye fisken.
Torgeir har fått fisk! |
Me tok fatt på siste del av turen og bevega oss nedover mot Kollsetestølen. No hadde også været skifta og det byrja å regne. Terrenget var svært bratt og det var sleipt å gå. I tillegg måtte me prøve å rekke bussen kl. 2. Me prøvde å komme oss inn på grusvegen som skulle ta oss ned til hovudvegen. Etter å ha klatra i steinrøyser og over piggtråd kom me oss omsider inn på rett veg. Me følgde grusvegen og tok bussen i frå hovudvegen ved 2 tida.
Kva gjekk bra?
Kort sagt kan me eigentleg seie at heile turen gjekk bra! Men eg hadde trudd på førehand at dei fysiske utfordingane kom til å bli større. Eg var heller ikkje van med å gå med sekk, så dette var nytt for meg. Men det gjekk overraskande greitt og eg var ikkje så sliten heller då eg kom heim. Andre ting som eg vil trekke fram som gjekk bra var middagen vår. Det var veldig godt å kunne bite over ein hamburgar etter 4 timars vandring! Det gjekk også bra å sova i telt sjølv om det regna veldig mykje! :D
(G)Øystein kosar seg i haustsola :) |
Kva gjekk mindre bra ?
Det regna mykje og mange vart blaute. Sjølv hadde eg teke med ullklede og superundertøy, så sjølv om eg vart våt, var eg framleis varm. Likevel fraus eg litt på natta, neste gong skal den tjukke soveposen og dunjakka mi få plass i sekken!
Me sto også opp litt seint, slik at me hadde litt dårleg tid til bussen på veg ned at.
Me skulle jo også helst fått litt meir fisk! Det er alltid stas. Sjølv hadde eg ikkje med fiskestang fordi eg ikkje fekk tak i heime. Men på førehand hadde eg avtale med Therese at eg skulle fiske i lag med ho, så det gjekk greitt! Eg trur faktisk eg hadde napp ein gang! :D
På førehand hadde me sett opp desse måla med turen :
• Planlegge, gjennomføre og vurdere tur med overnatting ved vatnmiljø.
• Kle seg hensiktsmessig og lære utstyret å kjenne slik at dette ikkje vert nokon begrensing for turen.
• Praktisere bestemmingar for friluftsliv og allmenn ferdsel i utmark og ta hensyn til naturen me ferdast i.
• Få meir erfaring med korleis ein planlegg ein tur.
• Ha da kjekt!
I utgangspunktet har me eigentleg nådd alle måla ganske bra. Spesielt det siste! For min del var eit mål å ha det kjekt, bli meir kjend med gruppa og å gjennomføre min ”første ordentlege” overnattingstur ute. Desse måla føler eg i stor grad er nådd. Med andre ord så var turen vellukka.
For min del fungerte gruppa mi bra i lag. Me hadde det kjekt og klarte å jobbe saman som gruppe. Heile klassen fungerte også godt i lag. Eg prøvde å delta så mykje som mogleg i felles arbeid som for eksempel oppsetting av telt. Eg var ivrig med kart og kompass og leia heile gruppa når det var gruppe 1 sin tur til å orientere seg.
Heile gjengen samla! |
Neste gang trur eg at eg vil ha me litt meir klede. På denne turen fraus eg litt, utan at det hadde store konsekvensar for turen. Eg vil også ta me ein tjukkare sovepose. Fleire plastposar til å ha i skoa skal også få vere med i sekken! Me bør også prøve å stå opp litt tidlegare neste gang, slik at me rekk bussen med god margin.
På denne turen lærde eg mellom anna korleis ein brukar stormkjøkken. Eg er også ein erfaring rikare på fisking i fjellvatn. Eg har også fått god trening og repetisjon av bruken av kart og kompass.
TUREN VAR VELUKKA OG EG GLER MEG TIL NESTE GANG! :D
Flott innlegg!!:):)<3<3<3 Duer ql
SvarSlettSupert at du hadde det bra på tur! Fin blogg:)
SvarSlett