lørdag 24. september 2011

Hei og hopp! No har me vore på tur, igjen!

Denne gongen gjekk turen til Storevatnet på Kaupanger. Me  hadde også med oss friluftslivgruppa på vg2 idrett. Onsdag 21. september møtte me opp ved friluftslageret rundt klokka 9. Då eg kom oppdaga eg at resten av gruppa mi var sjuke. Eg oppdaga også at det ikkje berre var dei som ikkje kunne vere med denne gongen. Av ei gruppe på 15 elevar, møtte 8 opp for å gå på tur. Det betydde at me måtte lage nye grupper. Me fordelte fellesutstyr som denne gongen var presenning og tau, før me gjekk ned på skyssen for å ta bussen vidare til Kaupanger.
Matpause på Hauståker
Torgeir fordelte oss på allmenn på idrett sine grupper. Eg og Ingrid kom på gruppe med Helena, Øystein og Aslak på idrett. Me starta i frå Kaupangersenteret rundt kvart over ti. Me gjekk i ganske bra tempo oppover mot Hauståker. Det var bratt og me sveitta mykje, så me passa på å ta hyppige drikkepausar. 
Ved Hauståker tok me ein halvtimes matpause før me gjekk vidare oppover mot Vardeheii på 895 moh. Eg tykte det var tungt og bratt å gå i terrenget. Motivasjonen var heller ikkje den beste då me fekk vite at me hadde gått feil, og gått unødvendig bratt stigning, for så å måtte gå tilbake. Men då me endeleg kom på toppen var lettelsen stor og smerten gløymd! Eg kunne til og med sjå heilt heim til fjella i Fresvik! Det var nesten som eg fekk litt heimlengsel då eg kunne sjå Mulakamben og Nonhaugen. Dei resterande kilometrane inn mot Storevatnet var plankekøyring og gjekk fort.
Utsikt heimover mot Fresvik. 

Då me kom fram til Storevatnet leitte me etter ein plass å slå leir. Me sette opp gapahuken vår slik at me hadde utsikt rett mot vatnet, og i stikk motsett retning av dei andre. Etterpå måtte me sanke ved til bålbrenning og matlaging. Eg og Aslak blei sendt ut for å bygge latrine, det gjekk veldig bra! Men eg trur faktisk den forblei ubrukt. På turplanlegging hadde me planlagt at me skulle grille pølser, eg var eigentleg litt ueining fordi eg ville lage noko litt ”vansklegare” og meir kreativt. Men eg var veldig svolten då me skulle lage mat, så eg var eigentleg berre glad for at eg hadde med pølser. Det gjekk fort og var lettvint å lage. Men eg må innrømme at idrettsgjengen sin mat frista litt meir.
Ut på kvelden sat me rundt leirbålet og prata. Me drog vitsar og gåter til den store gullmedalje. Eg må innrømme at Torgeir sin spøkelseshistorie skremde meg! Så då me skulle leike omvendt gøymsel var eg ein smule redd, så eg ville ikkje vere med. Men det gjekk ikkje lenge før eg høyrde dei andre hadde det så gøy at eg berre måtte vere med! Etter kvart byrja eg å skjønne at Torgeir var god til å bløffe…
Natta i gapahuk gjekk greitt, sjølv om eg vakna ganske mange gonger. Eg hadde det ganske varmt og godt midt i mellom alle saman. Me sto opp rundt klokka 8, laga oss frukost og pakka ned leiren. Litt etter klokka 10 tok me farvel med idrettsgjengen som skulle gå vidare. Me sette igjen kursen mot Vardeheii. Her tok eg leiinga med kart og kompass. I staden for å gå mot Hauståker, gjekk me ned mot Hungerhaug. Torgeir stilte tvilsame spørsmål til stigvalet mitt, men eg var eigentleg ganske sikker på at me skulle gå etter dei raude merka. Det var heldigvis rett.
Spjelking av Øystein sin fot under førstehjelpsøkta
På Hungerhaug to me ein matpause og ei førstehjelpsøkt før me tok fatt på siste biten. Eg tykte denne biten var ganske tung. Stien gjekk rett ned og eg hadde ein tung sekk. På den siste delen var det som om eg ikkje hadde føter att. Det føltes nesten ut som eg flaug! Då me kom ned til busstoppet viste deg seg at me måtte gå heilt ned i Amla for å ta ein seinare buss. Men då var eg eigentleg så lei og trøytt i kroppen at eg ikkje brydde meg om at me måtte gå.
Heile turen gjekk eigentleg veldig bra. Men ting som eg vil trekke fram er natta i gapahuk. Eg tykte det var både varmare og tørrare enn sist gong me sov i telt, sjølv om det regna minst like mykje om natta. Det var også veldig koseleg og varmt me leirbål om kvelden. Denne gongen var eg også rimeleg tørr og varm, mykje takka vere dunjakka og tjukkare sovepose.
Det var eigentleg ikkje så mykje som skar seg heller. Eg tykte det var langt og tungt å gå, begge dagar. Men litt utfordingar må me jo ha!
Måla for turen var mange av dei same som sist gong, og dei føler eg me nådde ganske bra. Men me hadde også tre nye mål:
·         Lage mat på bål 
·         Overnatte i gapahuk
·         Lære førstehjelp i fjellet
Dei to sistnemnte gjekk veldig greitt og eg føler me har nådd ganske stor måloppnåing. Det første kan kanskje diskuterast litt meir, å grille pølser er jo ikkje så vanskeleg! Men pølser er jo mat det og, så. Så under tvil kan me seie at me også nådde det!
Frukost på g! 
Gruppa fungerte veldig bra saman. Gapahukgruppa var samkøyrde og me hadde det veldig kjekt! Det var også kjempemoro å vere på tur saman med idrett. Ein får ein god sjanse til å bli betre kjend. Eg tykkjer også me er veldig flinke til å vere EI gruppe, og ikkje mange små.
Eg deltok så godt eg kunne i vedsanking og oppsetting/nedpakking av gapahuk. Eg bar presenningen både opp og ned. Eg var også med på å lage latrine.
Det viktigaste eg lærde trur eg må vere å setje opp ein gapahuk! Det var veldig lærerikt og absolutt noko å ta med seg vidare. Eg lærde også litt frå idrett om forskjellige typar bål, samt også bygging av latrine. Det med førstehjelp var noko eg fekk repetert, men eg kunne det også godt frå før.
Me bloggast! :D  

onsdag 14. september 2011

TUR TIL FJÆRLANDSSETE

Onsdag 7. september og torsdag 8. september reiste friluftsliv 1 på studiespesialisering ved SVGS ut på tur. Det var planglagt at me skulle gå til Fjærlandssete, som er ein støl i Leikanger kommune. Her skulle me sove i telt, lage mat ute og fiske i Fjærlandssetevatnet.
Sånn ca. reiseruta vår begge dagane. 
Me starta i frå Mannsverk i Øvstedalen ca. rundt klokka 10.00. Eg var på gruppe 1 saman med Dag, Therese og Regine. Me starta med å leie resten av gruppa inn på rett veg ved hjelp av kart og kompass. I byrjinga var vegen kjempebratt og det var tungt å gå me sekk. Samtidig byrja det å regne. Heldigvis utjamna terrenget seg etter ei stund.  Då me kom til Furesete, tok me oss ein matpause. Det gjorde godt med ny energi.
Etter 4 timar på vandring kom me fram til Fjærlandssete. Det regna og bles ganske mykje, og bakken var svært våt. Me fann likevel ein ganske tørr plass til å slå opp telta. Me gjekk inn i telta og søkte ly for været med ein gang. Det var godt å få på seg tørre klede.
Etter ei stund med avslapping gjorde me oss klar for å fiske litt i fjellvatnet. Eg fiska saman med Therese, men lykka var diverre dårleg. Det blei ikkje noko fisk på oss denne dagen!
Då klokka gjekk mot 5, byrja dei fleste å bli svoltne. Gruppa mi laga hamburgarar på stormkjøkkenet. Sjølv om resten av kvelden var veldig våt og sur, var humøret i gruppa på topp. Torgeir sine gåter piffa opp stemninga. Rundt kl. 11 roa teltleiren seg.
Neste dag sto me opp rundt kl. 9. Denne dagen sto me opp til strålande sol, trass i onsdagen sitt regnvær. Me kledde på oss, pakka sekken og rydda ned telta så fort me kunne. I halv ellevetida forlèt me  Fjærlandssete med kurs mot Fagreggjevatnet. Her stoppa me ei kort stund for å fiske, samt også matpause. Den einaste som fekk fisk var Torgeir. Han synte oss også kjapt korleis me skal sløye fisken. 
Torgeir har fått fisk! 

Me tok fatt på siste del av turen og bevega oss nedover mot Kollsetestølen. No hadde også været skifta og det byrja å regne. Terrenget var svært bratt og det var sleipt å gå. I tillegg måtte me prøve å rekke bussen kl. 2.  Me prøvde å komme oss inn på grusvegen som skulle ta oss ned til hovudvegen. Etter  å ha klatra i steinrøyser og over piggtråd kom me oss omsider inn på rett veg. Me følgde grusvegen og tok bussen i frå hovudvegen ved 2 tida.

Kva gjekk bra?
Kort sagt kan me eigentleg seie at heile turen gjekk bra!  Men eg hadde trudd på førehand at dei fysiske utfordingane kom til å bli større. Eg var heller ikkje van med å gå med sekk, så dette var nytt for meg. Men det gjekk overraskande greitt og eg var ikkje så sliten heller då eg kom heim. Andre ting som eg vil trekke fram som gjekk bra var middagen vår. Det var veldig godt å kunne bite over ein hamburgar etter 4 timars vandring! Det gjekk også bra å sova i telt sjølv om det regna veldig mykje! :D
(G)Øystein kosar seg i haustsola :) 


Kva gjekk mindre bra ?
Det regna mykje og mange vart blaute. Sjølv hadde eg teke med ullklede og superundertøy, så sjølv om eg vart våt, var eg framleis varm. Likevel fraus eg litt på natta, neste gong skal den tjukke soveposen og dunjakka mi få plass i sekken!
Me sto også opp litt seint, slik at me hadde litt dårleg tid til bussen på veg ned at.
Me skulle jo også helst fått litt meir fisk! Det er alltid stas. Sjølv hadde eg ikkje med fiskestang fordi eg ikkje fekk tak i heime. Men på førehand hadde eg avtale med Therese at eg skulle fiske i lag med ho, så det gjekk greitt! Eg trur faktisk eg hadde napp ein gang!  :D 

På førehand hadde me sett opp desse måla med turen :
      Planlegge, gjennomføre og vurdere tur med overnatting ved vatnmiljø.
      Kle seg hensiktsmessig og lære utstyret å kjenne slik at dette ikkje vert nokon begrensing for turen.
      Praktisere bestemmingar for friluftsliv og allmenn ferdsel i utmark og ta hensyn til naturen me ferdast i.
      Få meir erfaring med korleis ein planlegg ein tur.
      Ha da kjekt!
I utgangspunktet har me eigentleg nådd alle måla ganske bra. Spesielt det siste!  For min del var eit mål å ha det kjekt, bli meir kjend med gruppa og å gjennomføre min ”første ordentlege” overnattingstur ute. Desse måla føler eg i stor grad er nådd. Med andre ord så var turen vellukka.

For min del fungerte gruppa mi bra i lag. Me hadde det kjekt og klarte å jobbe saman som gruppe. Heile klassen fungerte også godt i lag. Eg prøvde å delta så mykje som mogleg i felles arbeid som for eksempel oppsetting av telt. Eg var ivrig med kart og kompass og leia heile gruppa når det var gruppe 1 sin tur til å orientere seg.


Heile gjengen samla! 


Neste gang trur eg at eg vil ha me litt meir klede. På denne turen fraus eg litt, utan at det hadde store konsekvensar for turen. Eg vil også ta me ein tjukkare sovepose. Fleire plastposar til å ha i skoa skal også få vere med i sekken! Me bør også prøve å stå opp litt tidlegare neste gang, slik at me rekk bussen med god margin.
På denne turen lærde eg mellom anna korleis ein brukar stormkjøkken. Eg er også ein erfaring rikare på fisking i fjellvatn. Eg har også fått god trening og repetisjon av bruken av kart og kompass.
TUREN VAR VELUKKA OG EG GLER MEG TIL NESTE GANG! :D